Om Brannen
Brannen, skriven rundt 1960 i skuggen av atomopprustinga, er ein av Tarjei Vesaas merkelegaste og mørkaste romaner.
"Jon kom tumlande ut av huset.
Det hadde ringt. Meir visste han ikkje. Han hadde òg lenge kjent at det ville ringe eingong. Likevel var det hardt og uventa."
Slik lyder opningslinjene i Brannen, ein av Tarjei Vesaas merkelegaste og mørkaste romanar. Han skreiv den rundt 1960, i skuggen etter første verdskrigen, og med atomkappløpet som trugande horisont. Til forleggaren Harald Grieg forklarte han boka slik:
"Brannen står for eit bilete av den moderne verden, riden av demonene, lidenskapen, nag, sadisme, aggresjonar - mange slags løynde og halvløynde eldar, så brannen lurer under overalt, og kan loge opp som brennende hestehovud i lause lufta. Den unge Jon blir vekt til medvet om alle disse ulykkene, så han må gå ut, og på augneblinken blir han oppsøkt og innblandet i alt det rådlause."
Eit symboltungt varselrop til menneska som dessverre ikkje er mindre aktuelt 60 år seinare.
Vis mer