Gjør som tusenvis av andre bokelskere
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.Du kan når som helst melde deg av våre nyhetsbrev.
Arne Hjeltnes visar fram sine favoritturar. 101 norske reiser alle kan oppleva. Ikkje dei dyraste, ikkje dei mest strabasiøse, men dei flottaste. Arne Hjeltnes har reist over heile landet sidan han vart fødd. Dei siste åra har han hatt som mål å vera innom alle norske fylke kvart år - og klart det. Han kjenner dei små trivelege hotella, dei flinkaste kokkane og dei artige opplevingane du bør få med deg. I eit gamalt slagord frå 1980-talet heitte det «Norge ditt nærmeste ferieland». Den gongen ville nordmenn helst ut i verda til Gran Canaria, Thailand eller Miami. No vil heile verda hit. Til nordlyset, fjordane, fjella og dei trivelege byane våre. Gong på gong kan me sjå at store utanlandske medier peikar på Noreg som det mest spanande reisemålet. Og nordmenn har absolutt oppdaga sitt eige land. Turane går like ofte innanlands for mange norske turistar. Det er eit fantastisk land å reisa i. Aktivitetar og opplevingar står i kø. Perlene er mange. Maten er strålande og naturen spektakulær. God tur!
Arne Hjeltnes visar fram sine favoritturar. 101 norske reiser alle kan oppleva. Ikkje dei dyraste, ikkje dei mest strabasiøse, men dei flottaste. Arne har reist over heile landet sidan han vart fødd. Dei siste åra har han hatt som mål å vera innom alle norske fylke kvart år - og klart det. Han kjenner dei små trivelege hotella, dei flinkaste kokkane og dei artige opplevingane du bør få med deg. I eit gamalt slagord frå 1980-talet heitte det «Norge ditt nærmeste ferieland». Den gongen ville nordmenn helst ut i verda til Gran Canaria, Thailand eller Miami. No vil heile verda hit. Til nordlyset, fjordane, fjella og dei trivelege byane våre. Gong på gong kan me sjå at store utanlandske medier peikar på Noreg som det mest spanande reisemålet. Og nordmenn har absolutt oppdaga sitt eige land. Turane går like ofte innanlands for mange norske turistar. Det er eit fantastisk land å reisa i. Aktivitetar og opplevingar står i kø. Perlene er mange. Maten er strålande og naturen spektakulær. God tur!
Gymlærar Norman Koggen har samla inn pengar til eit nytt stupebrett på Bystranda. Men så går noko forferdeleg gale i Den Vesle Byen ved sjøen. Ordføraren kuppar stupebrettet. Politisk maktkamp, inkompetanse og prestisje sender byen ut i ein millionskandale. Det som skulle vera til glede for innbyggarane, vert eit mareritt av nasjonale dimensjonar. Korleis kunne de gå så gale? Midt i dramaet står ein eigenrådig ordførar, ein pensjonert gymlærar og ein irsk pubmusikar.
Arne Hjeltnes har dikta nesten heile livet. Om seg sjølv, om bygda, om folk og fe og raritetar i kvardagen. I denne samlinga inngår både gamle klassikarar og nye dikt av den folkekjære tusenkunstnaren. Her er tekstar til ettertanke, til latter, til store høve og til jobbseminar utan meining. Her er sjølvironi, enkle gleder og djupe sanningar, alt formidla utan pretensjoner, men med Arne Hjeltnes sin eigen, lune sjarm.
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.