Norges billigste bøker

Bøker av Edvard Hoem

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • - dikt 1967-2021
    av Edvard Hoem
    313,-

    I vika langt mot vest I vika langt mot vest, langs haustmørk strand kjem svanene igjen, eg ser det no. Dei duvar lydlaust like attmed land og speglar seg når sjøen stig mot flo. Eg har sett pina skjera andletstrekk, eg har sett folk ta avskil utan fred, høyrt dører smelle, bilar køyre vekk, men no kjem svanene og slår seg ned. Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord, ein slik klar haustdag, vinter var på veg, eg sat og såg mot botnen av ein fjord og høyrde vengesus som nærma seg. Så vart det stille. Det gjekk mange år. No høyrer eg på nytt at venger slår. Dikta i "Ute, langt der ute" er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.

  • av Edvard Hoem
    211 - 341,-

    Brørne Eilert og Anton Edvard sender brev til kvarandre over Atlanteren eit par gonger i året. Dei arbeider hardt for å bli gjeldfrie. Ute i verda rasar den første verdskrigen, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten. I Romsdal driv Anton Edvard ein gard som er for liten til å dekke utgiftene hans. Om vinteren er han med på fisket frå fiskeværet Bjørnsund, det er eit nådelaust slit som kan gi stor forteneste. På Alberta-prærien blir Eilert tvinga til å dyrke opp eit stadig større område for å auke kveiteproduksjonen da prisane fell ved krigens slutt. Den etter kvart store familien til Eilert blir råka av ei ulykke som snur opp ned på alt. Den opprørske Gjertine kjem til eit vegskilje i livet og legg ut på si siste store reise til Ravenscrag i Saskatchewan. I Molde blir systera Serianna eit anna menneske på grunn av sorga som mannens død påfører henne. Ho snakkar med slåttekaren som om han framleis var i live. «Land ingen har sett» er den tredje romanen i den store krøniken om Knut Hansen Nesje og slekta hans. Med poetisk kraft levandegjer Edvard Hoem historia om dei eventyrlystne menneska som reiste over Atlanteren for å bygge eit nytt samfunn, og dei hardt arbeidande menneska som valde å bli heime for å skapa framgang og betre tider på Norges jord.

  • av Edvard Hoem
    211 - 360,-

    «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket. Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og ho var i livets teneste i meir enn femti år. Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og da mannen fekk utfordringar som var for store for han å bera. Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor dikterisk kraft. Dette er ikkje berre ei forteljing om framveksten av det viktige jordmoryrket, men o.g ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør. Med denne romanen har Edvard Hoems slektskrønike, som opnar med «Slåttekar i himmelen» (2014), fått eit dramatisk forspel. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter der. Romanen bygger på «Jordmor på jorda» (2008), ein roman som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Denne romanen, som har fått tittelen «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» (2018), er kraftig revidert og utvida.

  • av Edvard Hoem
    211,-

    I romanen "Felemakaren" tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen "Heimlandet barndom" (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år. Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar. Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer. "Felemakaren" er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve. Felemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.

  • av Edvard Hoem
    211 - 341,-

    «Bror din på prærien» er ein slektsroman og westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som den lovpriste «Slåttekar i himmelen». Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet i Kristiansund med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet ser ikkje vekk, dei set snarare blikket rett på han. Da han kysser den dragande Jenny Mortenson, er det både med sterk lyst og frykt for å bli bunden. Han forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor og gjennomgripande omvending i Eilerts liv, som om han har vore på fel spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin, bryt han opp - på same måten som 50 000 andre nordmenn - og startar på den lange reisa til Albertaprærien i Canada. Han tar land ved Hesteskoen i Donalda hausten 1905. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han nokon gong skal få sjå sonen sin att i dette livet.

  • av Edvard Hoem
    211,-

    Heimlandet. Barndom er ei forteljing om den vesle guten Edvards oppvekst og bakgrunn i Hoem-grenda på Nord-vest-landet i 50-åra: Edvard er eldsteson og odelsgut på ein gard der faren er emissær og reiser rundt med Guds bodskap store delar av året, medan mora strevar heime. Forventningane om at det er Edvard som med tida skal ta på seg ansvaret for familie og gard, veks etter kvart til eit press som ligg tungt på han. Både for seg sjølv og andre må Edvard innrømme at det er noko anna han skal.Med ein oppriktig kjærleik til både menneske og omgjevnader går forfattaren inn i ein tidsepoke og får fram bilete som kjem til å bli ståande i norsk litteratur.Boka kan leses som en oppfølger til Mors og fars historie fra 2005.

  • av Edvard Hoem
    211 - 360,-

    Eilert Knudtson, som har farma på Alberta-prærien i meir enn tjue år, er komen til Norge for å treffe søskena sine igjen, og for å meistre sorga og saknet etter at kona Martha døde frå han, og dei åtte barna deira. Året er 1927, og det er trettifire år sidan han sist såg søskena sine. Seksten år gamle Lars Hoem, son av Anton Edvard, vil bli med onkelen tilbake til Canada. Han seier han må vekk fordi det er ein stein som skygger for sola der han er no. Lars Hoems liv i Canada blir ein mørk tråd som fører fram mot dei harde trettiåra. Eilert går inn i ein langvarig kamp for å overleva som farmar. Da han ikkje kan betale for tilleggsjord som han kjøpte tidleg på tjuetalet, tar styresmaktene jordseksjonane frå han og tvingar han til å bli leiglending. I 1930 gifter Eilert seg med enka Kate Ness. Barna til Eilert blir vaksne og forsvinn frå heimen. Den aldrande mannen kjempar mot tørke, haglstormar, grashopper og fallande prisar - for å vinne tilbake det han har tapt. «Liv andre har levd» er ein sanseleg familiekrønike med uforgløymelege hovudpersonar. Edvard Hoems nye roman stiller det fundamentale spørsmålet: Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?

  • av Edvard Hoem
    211,-

    Musikarparet Renate og Theodor Ungermann kjem til Bergen frå det krigsherja Tyskland i 1952. Den gamle byen Königsberg som Theodor var vaksen opp i, er øydelagd i krigen. Når fiolinelevane på Frøken Dreyers musikkskole prøver å finne ut av dei same musikkstykka som han sjølv spela som ung gut, er det som om tapet av barndomsriket får lindring. Ein roman om eksilets problem og modernitetens pris, om musikkens verd og den verkelege verda.

  • av Edvard Hoem
    211,-

    Boka er ei erindringsbok som blir til ein roman, der forfattaren søkjer å dikte fram igjen livshistoria til foreldra sine. Historia om ein predikant og ei ung kvinne med ei fortid, er ei historie om sorg, svik og nederlag, men også om livsvilje og forsoning.

  • av Edvard Hoem
    211,-

  • - Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875
    av Edvard Hoem
    405,-

    I 1858 les femten år gamle Bjørnstjerne Bjørnson ein avisartikkel om den franske februarrevolusjonen, om opprøret mot Europas mektige som sprer seg frå land til land, og noko vakner til liv i han. Det er eit engasjement og ei tru på folkopplysing og framtid som han skulle bera med seg resten av livet. I Villskapens år følgjer vi Bjørnstjerne Bjørnson frå han er ein ukjend og ærgjerrig ung mann, til han er midt i livet. Han vert heilt avgjerande i arbeidet for å skapa eit moderne og demokratisk Noreg. Han gjer teateret til skodeplass for det verkelege livet. Han innvarslar den litterære realismen i Norden. Edvard Hoem teikner eit sterkt og tydeleg portrett av denne mannen som var dikter, politikar, teatersjef og redaktør - ustoppeleg og engasjert på nær sagt alle område i samfunnslivet. Samstundes skildrar han Bjørnstjerne Bjørnson som eit menneske blant menneska, som sine venners venn, som ektemannen til Karoline og som stolt familiefar. Og aldri før har det vorte skrive så levande om vennskapet og striden mellom Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, vi følger dei begge fra starten av karrierene deira, og til dei etter kvart går kvar sin veg. Villskapens år er det første av to bind i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson. Andre og siste bind kjem i 2010, da det er 100 år sida Bjørnson døydde.

  • - Bjørnstjerne Bjørnson 1899-1910
    av Edvard Hoem
    405,-

    Ved hundreårsskiftet lever Bjørnson og Karoline vekselvis i Roma, i Schwaz i Østerrike og på Aulestad. Diktaren vender samfunnsengasjementet sitt ut mot verda. Han skriv artiklar mot antisemittismen i Frankrike, tar opp den språklege undertrykkinga av østeuropeiske minoritetar og held foredrag for fredens sak. Diktaren er stadig omstridd, men haustar også stor anerkjenning, det viser feiringa av 70-årsdagen i 1903 og ikkje minst tildelinga av Nobelprisen hausten 1903.Bjørnson, som i meir enn førti år har kjempa for norsk likestilling i unionen eller oppløysing av sambandet med Sverige, kjem på kant med deileiande kreftene i Venstre og står på sidelinja da unionen bryt saman i 1905. Men da brotet er eit faktum, skriv han kraftfulle artiklar i utanlandske aviser og forsvarer Norges avgjerd. Den livslange litterære innsatsen hans tonar ut med den store romanen Mary i 1906 og det siste teaterstykket, Når den ny vin blomstrer, i1908. Alvorleg sjukdom pregar avslutninga av livet hans. Det er derfor eituforståeleg faktum at han igjen svingar seg mot dei store lyriske høgdene med Kantate til Hundreårsjubileet for Norges Velfrå 1909. Berre ei einsleg linje står att etter Bjørnsons talrike skriveforsøk den siste vinteren i livet hans. Til gjengjeld står linja fast: "De gode gjerninger rædder verden."Bjørnson døyr i Paris 26. april 1910. Den danske kongevogna hentar Bjørnsons båre, og folkeoppmøtet i København er enormt da kista blir frakta om bord i panserskipet Norge. Meir enn femti tusen menneske var til stades for å ta avskil med Bjørnson da han vart gravlagd i Kristiania. Det evige forår er siste og avsluttande band i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson. Edvard Hoem har skrive vårt nasjonale ikon ned av sokkelen og gjort han til eit menneske for oss.

  • - Bjørnstjerne Bjørnson 1890-1899
    av Edvard Hoem
    405,-

    Ved inngangen til 1890-talet måtte Bjørnson konstatere at dei store kampsakene han hadde slåst for sidan ungdommen framleis ikkje hadde vunne fram. Venstre var splitta i to parti, og Høgre hadde overtatt regjeringsmakta. Bjørnson måtte ut på vegane igjen. På heimefronten var det dramatiske tider, Karoline vart meir og meir døv, og sonen Bjørns skilsmisse frå Jenny Sandberg skapte alvorlegusemje mellom ektefellene. Eit lyspunkt var det at gudsonen Sigurd Ibsen tok kontakt og vart ein viktig politisk samtalepartnar for Bjørnson, og han gifte seg med Bjørnsons dotter Bergliot. Samtidig forelska Bjørnson seg i pianistinna Erika Nissen, som han hadde kjent i tretti år. No innleidde Erika og han einhekstiskkjærleikskorrespondanse som i denne boka blir referert og sitert for første gong. Bjørnson-barna gjekk til opprør og fekk slutt på affæren. Paradoksalt nok kom den avbrotne romansen forfattaren og avispolemikaren Bjørnson til gode. Tre års opphaldutanlands for å koma unna skandale og strid, opnaauga hans for dei store internasjonale stridsspørsmåla, fredsspørsmålet, spørsmålet om terrorismen som politisk strategi og rettsprosessen mot den franske offiseren Alfred Dreyfus. Frå utlandet skreiv han glitrandeanalysar i internasjonale aviser. Samtidig greip han kraftfullt ordet for Norges sak i den tilspissa unionsstriden med Sverige. Teaterstykka Over Ævne II (1895) og Paul Lange og Tora Parsberg (1898) førte igjen namnet hans ut på dei europeiske scenane. Året 1899 tona ut med opninga av Nationaltheatret, der Bjørnson satsaman med Henrik Ibsen på første losjerad. I ein siste stor artikkel til fordel for Dreyfus avdekte Bjørnson røtene til antisemittismen, som han karakteriserte som ei gift for Europas folk.

  • - Bjørnstjerne Bjørnson 1875-1889
    av Edvard Hoem
    405,-

    Band II av Edvard Hoems store Bjørnson-biografi begynner da Bjørnson med familie flytter inn på Aulestad i 1875. På nokre hektiske månader rustar han garden kraftig opp og dyrkar eit intenst vennskap med folkehøgskolefolket på Vonheim, men før vinteren er over innser han at vennene er av eit anna slag enn han, og garden for stor for hans økonomiske evner. Snart er Bjørnson inne i ei religiøs krise som fører til radikal omvurdering av alle tidlegare standpunkt, og vi følgjer han gjennom sytten års strid mot kristelege dogme og i ein politisk kampanje som endar med å utløyse embetsmannsstatens undergang i Norge. På Aulestad og i utlandet utfaldar han eit enormt brevskifte med ei lang rekke kjende kvinner og menn, svolten som han er på å skaffe seg vennskap og alliansar. Han blir intenst opptatt av Georg Brandes, Amalie Skram, Alexander Kielland, Ole Richter og mange andre. Men det bråskiftande sinnet hans og dei beinharde politiske slaga fører rett som det er til konfliktar som i mange tilfelle blir uopprettelege. I opinionen er populariteten hans også skiftande, men det er meir enn tretti tusen menneske som ønsker han velkomen tilbake til Kristiania etter fem års opphald i Paris. Boka tonar ut med den siste store lidenskapelege forelskinga - og breva hans frå denne perioden blir her offentleggjort for første gong.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.