Norges billigste bøker

Bøker av Frode Grytten

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Frode Grytten
    211 - 341,-

    "Dette var min første sommar i Garasjeland. Juli kom med ei hetebølge som varte i tre veker. Midt på dagen steig temperaturen til over førti grader. Far min hadde ikkje investert i kjøleanlegg, så om nettene sette vi oss i bilen og kjørte ut på dei opplyste motorvegane. Han ville sjå skogbrannane som herja langs kysten. Ei natt stansa vi på ein nedlagt bensinstasjon, steig ut og blei ståande. Oske fall frå himmelen, nesten som snø, bare at ein blei svart på tunga om ein fanga dei gjennomsiktige flaka."Ein sekstenåring flyttar inn hos faren i Garasjeland, og dei rekordvarme sommarvekene der skal merke han for livet. Den unge mannen i "Oslo" kjem tilbake til heimbyen for å få hemn. Det gifteklare paret i "Den siste øya" har investert i drømmereisa som ifølge operatøren vil gi dei isolation level: High, men er dei heilt åleine? I "Inntrengar" stirer eit norsk par forundra inn på mannen som med spansk lov på si side har flytta inn i feriehuset deira. Polakken i "YNWA" er langpendlar med jobb på vestlandsk fiskeslakteri og ei gryande erkjenning av at Norge er meir enn lykke og frisk luft. "Slutten på historia" skildrar vakkert møtet mellom to tidligare kjærastar ein sur kveld den spesielle våren 2020.I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen, Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline Garasjeland. Forfattaren viser korleis folk som er drive av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlige utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på eit vis som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.

  • av Frode Grytten
    425,-

  • av Frode Grytten
    211,-

    Menn som kjører vekk. Menn som blir igjen. Menn som krasjar nye bilar. Menn som er på veg ned. Menn med for mykje gjeld. Menn med uvanlige kjønnsorgan. Einsame menn. Fredelige menn. Valdelige menn. Ærlige menn. Kriminelle menn. Menn ein stad midt imellom. Menn frå Rjukan. Menn frå Lillestrøm. Menn frå Fyllingsdalen. Menn frå Warszawa. Menn i eit nytt og skrudd Noreg. Menn som treng kvinner. Menn som treng menn. Menn som ingen treng. Dette er Frode Gryttens niande novellesamling, og det er ni år sia han sist utgav noveller, denne sjangeren som kanskje står forfattaren nærmast. «Menn som ingen treng» rissar opp eit kart over Noreg og Europa -- her finst desperasjon, kjærleik, håpløyse og komikk.

  • av Frode Grytten
    183,-

    Frode Grytten viser at det er mulig å skrive ultrakort om dei store tinga i livet. På 140 teikn fortel han om korleis vi lever, elskar og går under. Vente på fuglen er eit utval av dei beste mikronovellene frå Gryttens populære Twitter-prosjekt. «Burettslagsblues i juni. Dugnad i femte. Oppussing i fjerde. Krangling i tredje. Stille i andre. Puling i første. Skitentøyvask i kjellaren.» «Mange år seinare går det opp for ho kva ho skulle ha svart den junikvelden då ho var 17, han var ny og spurte om dei skulle vere kjærastar.» «Å vakne med tre jenter i senga. Å vakne med kone, dotter (3) og endå ei dotter (1). Å vakne med dei som ein elskar. Aprilmorgon. Aprillykke.»

  • av Frode Grytten
    211,-

    Lundetrilogien er tre romanar i eitt. Den eine forteljinga handlar om Arvid Lunde som flyttar til Odda tidleg på 1980-talet og begynner som lærar på gymnaset. Han gjør ikkje mykje av seg, men så blir det kjent at han har blitt millionær på aksjehandel. Den andre forteljinga er lagt til 1994. Møbelhandlaren Harold Lunde, Arvids far, set seg i bilen for å kjøre til Sverige. Butikken hans er lagd ned og kona er blitt sjuk og hugsar ikkje lenger kva han heiter. I den tredje forteljinga møter vi Robby Lunde, Arvids son. Det er 2010 og dei ulevande som ingen kan sjå kjører rundt i grå tenestebilar i Oslos gater for å korrigere feil som har skjedd der sosialdemokratar er innblanda.

  • av Frode Grytten
    230,-

    Denne boken inneholder fotografier av trehytter og korte tekster. Noen tekster er essayistiske, noen er fabulerende, andre er i form av en boligannonse, et brev fra borettslaget, et egenerklæringsskjema, et dikt, en sangtekst eller utdrag fra et skuespill. De tar for seg norske hus, både i bokstavelig og billedlig forstand.

  • av Frode Grytten
    211 - 341,-

  • av Frode Grytten
    359,-

    Det enkle språket med sine fire kasus. Første veka i desember. Andre veka i desember. Tredje veka i desember. Siste veka i desember. Det finst ord for alt, men ikkje for dette.Ho Ho Ho! Slit du med julefeelinga? Synest du alt er stress? Får du ikkje til sprø svor? Gruar du deg til besøk av svigermor? Slapp av. La fotograf Helge Skodvin og forfattar Frode Grytten vise deg kva jula eigentlig handlar om. Korleis jula eigentlig ser ut. På ekte.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.