Utvidet returrett til 31. januar 2025

Bøker av Hans Sande

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Hans Sande
    268,-

    Evreka elskar appelsiner! Men pappa er lei av å skrelle, og vil heller bruke tida på nye oppfinningar.For å få fred lagar han ein appelsinskrellar som kan hjelpe Evreka. Men han har gløymt å finne opp av-knappen, og skrellaren vil skrelle ALT!Kan Evreka og Arkimedes stoppe appelsinskrellaren før han skrellar heile nabolaget?  ]]>

  • av Hans Sande
    222,-

    Fyndig humor og nøktern livsklokskap.Skogkyss er den femte diktsamlinga til Hans Sande, og nok ein gong viser Sande korleis han med ein heilt særeigen meisterskap skriv dikt der det skarpt observerte og det fritt fabulerande står som naturlege følgjesvener. Sande kan kunsten å boltre seg i språket! Skogkyss tek oss med inn i ei verd av mangfald og forundring. Her er sanselege naturskildringar og dikt med politisk brodd, frekke sleivspark og varme kjærleiksdikt. Her er rå og hjarteskjerande dikt om krig og overgrep, her er poetisk vemod om aldring og forfall og dauden som ventar. Hos Sande står den fyndige humoren og dei ville utfalla side om side med nøktern livsklokskap og ein djup respekt for oss menneske og alt det vi er og gjer, på godt og vondt.Bokmeldarane meiner:"Hans Sandes dikt rommar nok uberekneleg galskap og klokskap til at dei er verde å lese. Poetens vilje til å late seg føre langs språkets og livets vegar er kopla med ein blømande villskap som ikkje gjer poeten audmjuk og føyeleg, og som ikkje gjer dikta altfor veltilpassa i verda."Sindre Ekrheim, Dag og Tid

  • av Hans Sande
    268,-

    Hans Sande debuterte med diktsamlinga Strime i 1969, og i ein rik forfattarskap som omfattar bøker i dei fleste sjangrar, er Haustsong den sjette diktboka. Dikta er sprelske og slagkraftige, prega av overskot og rik fabuleringsevne. Haustsong femner eit livsløp, gjennom leik og arbeid, i sorg, fortviling og glede. Med fyndig humor og eit vake blikk for det omskiftelege i naturen så vel som i menneska, skriv Sande om fødsel og oppvekst, om gaukesyre og stjernehimmel, om ljåslått og skeiseløp, om språkglede og springeglede, om å gå seg vill og å finne heim. Her er dikt om kjærleik og samliv på det beste og på det verste; frå nærleik og sødme til sviande smerteblomar, frå varme kyss til iskald togn. Det er dikt om livet på veg mot ein endeleg slutt, med skildring av den uunngåelege aldringsprosessen og det ukjende som ventar, med dødsangst så vel som dødsro. Forfattaren er alltid på leit etter noko anna og ukjent, og i Haustsong har han funne det.Bokmeldarane meiner:"Om eg skal nemne to ting eg tenker som typiske kvalitetar ved Sandes dikt, er det for det første at dei er eksistensielt vågale. På sitt beste viser dei livsmot og klokskap. Det andre er at dei ofte kan vere overraskande, gjerne på ein humoristisk måte."Stein Arnold Hevrøy, Krabben. Tidsskrift for poesikritikk"Sande har ein fin diksjon, og eit så sikkert grep om handverket sitt at ein i løpet av mest 100 sider knapt kan ta han for slappe idear eller svake språklege bilete. (...) Det er noko klassisk over Hans Sande si nye diktsamling. Dikta er verkeleg personlege utan å vera private. Og det er dikt som kan stå for seg sjølv me har med å gjera, sjølv om dei òg går opp i ein storstruktur med fem tematisk skilde avdelingar."Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

  • av Hans Sande
    268,-

    Komlefjellet er heilt dekt av asfalt og betong. Fuglane og insekta krasjar i vindmøllene og døyr. Nokon må redde naturen!Då får pappa får ein idé! Han kan lage ei vindmølle som heng i lause lufta. Alle tre får plass under den svevande vindmølla. For ein luftetur det blir! Men så går alt gale, og dei flyg bort frå jorda! Korleis skal dei kome seg ned igjen?Dette er den femte boka om Arkimedes.Sagt om boka:«Igjen tøyser Sande med ideen om at pappa vet best. Verken oppfinnere, natur­lover eller pappaer bør tas altfor høytidelig. Det vakre er hvordan tekst og bilder insisterer på at denne pappaen likevel er bra nok akkurat som han er.» Guri Fjeldberg, Bergens Tidende – TERNINGKAST 5!«Boka er spennende og byr på deilige helsprøe, absurde scener» Katrine Kalleklev, Barnebokkritikk]]>

  • av Hans Sande
    168,-

    Lars gler seg, for han skal lage fromasj med mamma og pappa. Men så søler han med egga og får kjeft. Mamma er dum! Pappa er dum! Lars drar sin veg! TIL MARS!Spenstig, herleg og absurd frå Hans Sande.DENNE LØVEUNGEN HAR STORE BOKSTAVER.Løveunge-serien er små og fargerike bildebøker med morsomme historier, fortalt med lite tekst, det er kun én setning på hver side. Løveungene er perfekte bøker for de aller ferskeste leserne. 4-7 år.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.