Gjør som tusenvis av andre bokelskere
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.Du kan når som helst melde deg av våre nyhetsbrev.
«Den som er i sorg, ser etter den døde i naturen. Ho lyttar til susinga frå grantoppane, ser fånyttes opp på ei uvanleg klar stjerne. Ho samlar steinar og skjel til gravplassen, ho plantar ting, ho plukkar bort lauv og lar ikkje gravsteinen få fred under snøen. Trass i all denne leitinga viser naturen seg like taus. Steinen blir verande ein stein.»Denne romanen handlar om å gå til ein døgnopen bensinstasjon på nettene, om å miste ein bror og om ein stor verdsfeil.]]>
Parissyndromet åpner med at ei ung jente sier adjø til alt og alle hun kjenner og drar til Paris hvor hun kjenner ingen. Hun har ingen store planer. Lære seg fransk, jo, men det er ikke så viktig. Mest vil hun ut, vekk, av gårde. Men kanskje uten å vite hvorfor. Så treffer hun et nytt menneske. Så et nytt menneske til. En liten jobb får hun seg også. Og plutselig har livet forandret seg. Og det er bra. Og det er ikke like bra. For hun savner hjemme også. Hun savner bestemor. Hun savner Benedikte. Og hun savner ham. Han som lot henne dra. Han hun skulle gi globusen sin til, men ombestemte seg fordi: Eg ville ikkje gi heile verda til ein som ikkje ville ha meg. Parissyndromet handler om å komme overens med seg selv og de forventningene til livet vi ikke visste at vi hadde.
Ofte kan eg sjå det på andre. Eg veit ikkje nøyaktig korleis eg ser det, for det er flyktig. Det bur i ansiktet. Det er i huda, rundt munnen, i blikket. Enkelte kvinner ber smerte i ansiktet. Menn også. Det er vanskeleg å få taket på, det snor seg lett unna. Det trassar ungdom, det trassar skjønnheit. Eg har sett det hos andre sidan eg var barn, før eg visste kva det var. Eg har sett det hos barn. Eg har sett det hos eldre kvinner. Enkelte dagar har eg sett det i meg sjølv. I porene, i hudtonen, i linjene. Det piplar fram om eg ikkje passar på. Liv er ein sjukepleiar som tek godt vare på seg sjølv og andre. Ho er eit heilt normalt menneske som skjuler ei heilt normal hemmelegheit. Ei natt, for fleire år sidan, blei ho valdteken. Av ein mann ho frivillig blei med heim. MAKTA handlar om makt, men også om å makta. Å orke å gå vidare.
Dyret er noko så sjeldsynt som ein svangerskapsroman. Den gir deg svaret på det du ikkje får vite i fagbøkene. Den spør kva jomfru Maria og di eiga mor lurte på då dei gjekk gravide. Om å være to personar i ein kropp og likevel være einsam. Og om å plutselig være meir dyr enn menneske.
Hugsar du ungdomsskulen? Den kjensla. Då du ikkje lenger var eit barn på barneskulen, men ein ungdom klar for ungdomsskulen? Nesten som ein vaksen klar for vaksenlivet. Hugsar du kor skumle tiandeklassingane var? Hugsar du det første kysset? Det andre? Hugsar du bølla? Sladrekjerringa? Draumeprinsen? Hugsar du matteprøver og tentamen? Hugsar du bestevenene dine som alltid skulle vere der? Hugsar du at dei ikkje alltid var det? Hugsar du at det ikkje alltid gjekk som du håpte? At det som skulle vere spanande, blei frykteleg? Og det som skulle vare evig, forsvann? Hugsar du ungdomsskulen? Maja vil gjerne vere ei av dei som blir invitert på festar, ei som har drukke både øl og sprit, ei som har hatt sex. Samstundes vil ho òg vere det barnet ho framleis er, bade med bestevenene Pelle og Maria, eller berre sitje på rommet og prate. Pappaen hennes har forsvunne på sjøen, ingen veit om han er daud eller levande. Så dukkar det opp ein litt eldre gut. Vampyren. Så forsvinn Pelle og Maria for ei stund. Så vil Maja at mamma og stefaren skal skilje seg. Så trur ho at ingen bryr seg om henne. Heidi Furre (f. 1986) fortel presist og empatisk om tida på ungdomsskulen. Stilen og språket hennar er aldri overdrive, alltid medrivande. Ungdomsskulen er ein fantastisk roman, som vil gi deg ny kjærleik for desse uvanleg turbulente åra i liva våre.
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.