Utvidet returrett til 31. januar 2025

Bøker av Inger Johanne Sæterbakk

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Inger Johanne Sæterbakk
    268,-

    Om nokon hadde arrangert ein konkurranse i å vere 16 år, ville Inga komme på sisteplass. For sjølv om ho er flink i alle skolefaga, har fleire gode venner og er godt likt, får ho ikkje til det dei andre jentene i klassen får til. Nemleg å gå på festar, drikke seg full og vere med gutar.Ein måndag kjem bestevenninna hennar på skolen og fortel at ho har debutert seksuelt. Da skjønner Inga at ho også må øve seg på å vere 16 år. Det er ikkje så lett når ho ikkje har talent, når ho ikkje anar kven ho kan stole på, og når ho eigentleg ikkje tør.Den einaste guten Inga vil vere med, er Nils. Ho vil sitte med han på skolebussen, bade med han i tjernet og sove ved sida av han på telttur. Men ho kan vel ikkje gjere det med han? Ho har jo kjent han heile livet.

  • av Inger Johanne Sæterbakk
    250,-

    Johanna og Georg har vore bestevener heile livet. No treng dei ei pause.Når dei havnar i same klasse på ungdomsskulen, og Georg startar fyrste time med å fortelje om at kattane deira knulla i ferien, finn Johanna ut at ho må setje venskapet på pause. Altså ei pause på 1000 dagar, for det er så lenge ungdomsskulen varar. Ho kan ikkje risikere at dei andre trur ho er forelska i Georg. Han er ikkje kul nok.

  • av Inger Johanne Sæterbakk
    250,-

    Jonas gjer alt han kan for å få mamma til å smile igjen, når pappa flyttar ut og mamma flyttar inn under dyna på soverommet. Han passar veslebroren, smør matpakkar og øver på å spele den finaste songen mamma veit om på gitaren. Men det er ikkje så lett for Jonas å vere glad når mamma leiger ut halve huset, og rommet til Jonas plutseleg blir rommet til Mina, som er ny i klassen, som ler høgt, snakkar mykje og trur ho veit alt om stjerner. Men kva om Mina har rett når ho påstår at stjernene seier at mamma og pappa passar ekstremt bra i lag? Jonas bestemmer seg for å invitere dei til konserten på kulturskolen. Tenk om han kan spele så fint på gitaren at mamma og pappa blir kjærastar igjen?«Rundt jorda og tilbake skildrar ei sår historie, men det er også ei morosam og fin bok som gir von. (...) klarer å skildre korleis det er å vere ung når livet er vanskeleg, utan at det blir falskt og påtatt. Og sist, men ikkje minst, er boka spennande.» Espen Tørset, Framtida.no

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.