Gjør som tusenvis av andre bokelskere
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.Du kan når som helst melde deg av våre nyhetsbrev.
«Songdiktinga har følgt meg gjennom heile forfattarskapen. Alt i debutboka står det metriske og songbare vers, som også har blitt tonesette. Frå og med Dalen Portland (1977) dukkar songar av ulikt slag opp i prosateksten. Sett i samanheng går det godt an å seia at heile forfattarskapen min har tre bein å stå på. Det er fortellande prosa, utgitt som romanar, det er essay, og songdikting. Gjennom samarbeid med musikarar og komponistar har det tredje beinet i denne tripoden blitt stadig stødigare», skriv Kjartan Fløgstad i forordet til boka.Dansen med orda samlar songlyrikken til Fløgstad, med korte introduksjonar av forfattaren sjølv. Mykje er henta frå romanar og prosautgjevingar, mens anna er skrive på oppdrag og framført med nokre av landets fremste musikarar. Noko er enno ikkje tonesett – og andre songar er så nye at dei ventar på å bli framførte. Boka er utforma i eit hendig format. Ho får plass i ei jakkelomme og kan såleis bli ein følgjesven til bryllaup og gravferd – og alle store og små hendingar som fell mellom dei to. ]]>
Dei hevder, på ulike vis, at skilnadene mellom «høg» og «låg» kunst, mellom dei kunstverka som blir skapte innanfor offisielle kulturinstitusjonar på den eine sida, og det som kulturindustrien framstiller for det moderne massepublikum på den andre sida, er mindre enn ein vanlegvis førestiller seg. Eller dei er i alle høve av ein annan karakter. Og sjølve det å etablera slike falske skilje har fått katastrofale følgjer for den samfunnsmessige plasseringa av kunsten i utvikla og industrialiserte delar av verda, meiner Fløgstad. Loven vest for Pecos har vorte ein referansetekst innanfor kulturteorien, og har inspirert ein heil generasjon kunst- og litteraturinteresserte i Norge. Ein klassikar som endeleg er tilgjengeleg igjen i bokform. Kjartan Fløgstad (f. 1944) har gitt ut dikt og gjendiktingar, prosastykke og forteljingar, romanar, essay og dokumentarbøker, bl.a. Dalen Portland (1977), Fyr og flamme (1980), Det 7. klima (1986), Kron og mynt (1998) og Sudamericana (2000). Fløgstad har dessutan blitt tildelt ei rekkje litterære utmerkingar, som til dømes Nordisk Råds litteraturpris, Brage-prisen og Gyldendal-prisen.]]>
I takt med avindustrialiseringa av byen har også det økonomiske kraftsenteret i landet blitt flytta vestover. Med Oljen har både Norge i Verda og Vestlandet i Norge blitt geoøkonomisk langt viktigare enn tidlegare. Omvendt har Oslo blitt ei produsjonsbakevje. Samstundes er byen framleis hovudstad. Den har ingen industri. Den er den viktigaste ideologiprodusenten. Rein overbygning over eit fråverande materielt grunnlag: Svevande i lufta, i eteren, på radiobølgene. Denne motseiinga får store følger for tolkinga av omverda og for ideologiprodusentane si forståing av seg sjølve. I den avindustrialiserte byen ser dei ikkje lenger kva dei lever av.
Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda. Aust i Finnmark oktober 1944: Kcenia Nyslåttbuktmo vaskar hjartet til den vesle Pøyken sin med snø, skurar ned heile huset, mjølkar kua. Finnmark brenn. Frå London kjem fabrikkarbeidar og fenrik Olav Sima («Han kan rima!») med oppdrag å avhøyra ein tysk offiser med mykje å lyga om. Etter freden, midt i Oslo, leverer advokatane skarpskodde skriv om kor lite hopehav det var mellom norske kapitalistar og tyskarane. Pengar luktar ikkje, bortsett frå ein mild eim av cyanid. På Bjølsen aust i Oslo: Den tvangsevakuerte Kcenia står på mjølkebutikken, konstabel Sima patruljerer gatene, studerer juss og held orden i mjølkekøen. Å få orden på Pøyken er ikkje like lett. Endå mykje lenger aust øver vesle Oksana Starkopf trufast på piano, og arvar eit skrin med eit manuskript i. Etterkrigstida strammar grepet. Olav Sima blir jurist, Pøyken blir verre og verre. Begge tek ofte turen vest, over fjellet, og vidare over Atlanteren, der Sambandsstatane tar imot dei med opne armar. På underjordisk vis er verda kabla saman. Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda. «Due og drone» er forteljinga om dette.
Heilt sidan debuten i 1968 har Fløgstad levert friske skriftstykke, breie romanar og dikt og songtekstar som har prega samtalen om litteratur og samfunn her til lands. "Alt eg har skrive har vore der på førehand. Det var berre å skriva det," har han sagt - og presentert lesaren for ei lang rad med leverandørar av liv og død, drift og tanke: Hertingen, Langethomas, Salim Mahmood, Ann Dante, Gro Ruud, Åtgjerd Uveland, Dikke Dahr, Robinson Freitag, Bjørn Blakke, Greven og Grevinna av Bar Bakke, Pål Seland, Klaus Reading og mange fleire. ]]>
Før han blei romanforfattar debuterte Kjartan Fløgstad som lyrikar med to modernistiske diktsamlingar. Etter den tid har den lyriske diktinga heile tida vore ein slitesterk tråd gjennom forfattarskapen. Frå og med Dalen Portland i 1977 innheld både romanane og sakprosabøkene hans ei lang rekke dikt og songar. Gjennom fleire tiår har songtekstane blitt tonesette av kjende og ukjende komponistar og framførte i stilartar som spenner frå klassiske romansar til rock´n´roll. Sjølv har Fløgstad samarbeidd med eit rikt mangfald av musikarar både på og bak scenen. For songen Slak line mottok han i 2003 TONOs EDVARD-pris for beste tekst til musikk. Med noter og besifring er det dei mest songbare tekstane i forfattarskapen som er samla under tittelen SANDHARPESONGAR. Dette sier anmelderne:«I Sandharpesongar blir diktekunst til musikalsk brukskunst, og som jubileumsutgiving er boka gjenbrukskunst av beste sort: Forfattar, forlag og formgivarar har fått gamle stykke til å skine på ny, ikkje minst gjennom bokbunaden til Laila Mjøs og Lars Klevstrand sitt arbeid med notar og besifring.»Eivind Myklebust, Klassekampen «Kjartan Fløgstads nye sangbok er laget for å brukes. Og den har mye flott poesi fra et snart 50 år langt forfatterskap.»Espen Grønlie, Dagbladet «Fløgstads dikt byr på finurlig bruk av rim og rytme, og at diktene appellerer til musikere, kan jeg godt forstå. Diktene rommer folkelige og jordnære følelser rundt lengsler, strev og drømmer.»Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende]]>
Boka opnar i München i 1929 med at to unge studentar, Otto Nebelungen og Paul Damaskus, sit i eit klasserom. I klasserommet er også rektor Himmler, faren til Heinrich Himmler. Nokre år seinare gjer dei to tyskarane eit val som fører dei til Oslos Victoria terrasse, til Grense Jakobselv, og enda lenger, over grensa. Etter kvart tar den andre verdskrigen slutt, og blir til kald krig. Skremt av forfedranes misgjerningar prøver den unge nordmannen Alf Magnus Mayen å gjere det rette ved å følgje lover og reglar. Han får seg jobb i overvakingspolitiet, men endar han likevel med å gjere urett?
Kultur og politikk i arbeidarklassens hundreår Det 20. hundreåret var arbeidarklassens hundreår, tidsrommet då fagorganisering og sosialisme fekk sivilisert kapitalismen. Så lenge det varte.Over heile den vestlege verda er kapitalismens intellektuelle i ferd med å skriva om historia om det 20. hundreåret. I stort som i smått, og på mange felt. Etter i saumane tar for seg historiske emne, men handlar om politikken av i dag. Den aktuelle bakgrunnen er den liberale offensiven for å gi organisering nedanfrå skulda for alle katastrofane i det 20. hundreåret.Den raude tråden i denne boka viser korleis borgarskapets ideologiske klesplagg heng i hop, eller raknar i saumane. Boka tar opp tråden og viser andre måtar å sy saman verdensbilde på.
Ny stor roman frå Kjartan Fløgstad.Adi Enberg, Marina Noreg, Magdalena Freud Joyce, tre gåtefulle og mangslungne kvinner som prega og sjølve blei livsfarleg merka av tida dei levde i. Med skjebneåra 1939-1942 som dreiepunkt er Magdalenafjorden ein vidt forgreina samtidsroman frå vår nære fortid. Handlinga spenner frå Narvik i nord, over Lovra i litteraturen til Spania i reaksjonens mørke.Midt under krigen gjer den unge redararvingen Conrad Tandem ei forretningsreise tvers gjennom Europa frå sør til nord. Eit par tiår seinare får sjøguten Frank «Keu» Tverrli ikkje landlov i USA. Til gjengjeld blir han ei kjempe som flyttar bilar med berre nevane, tygg knivblad og spyttar spikrar. Dessutan kjenner han Prinsen av Asturias og den katalanske forfattaren Josep Pla. Og mange kvinner, oppdikta og historiske, truverdige og trulause. Ein ting er å overleva, noko anna å leva vidare. ...
Under borgerkrigen i Spania blir to gutter evakuert fra den tapende siden. En av dem havner i Sovjetsamveldet, og den andre havner i Mexico. De har samme utgangspunkt men får helt ulike livsløp. Dette er en roman om livsveier, sjøveier og utveier.
Romanen skildrer oppveksten til fem gutter fra arbeiderklassen på industristedet Sauda, 1950-tallet. Noen blir værende i hjembygda og får seg jobb på smelteverket, mens andre reiser ut i verden. I romanen blir oppdiktede personer koblet sammen med virkelige institusjoner og hendelser. Det trekkes paralleller mellom industrien ved et lite sted på vestlandskysten og drift og arbeidsforhold ved et multinasjonalt selskap.
En reiseskildring full av kontraster. Forfatteren skriver om gruveganger under Stillehavet og indianerlandsbyer høyt opp i fjellene, om fotball, tango, gudshus og horehus, om maten, vinen og kvinnene, og om kontinentets blodige forhistorie.
Boka handlar om å vekse opp i det nordlege Chile som son av den norske gruveingeniøren Arthur Andersen og den chilenske hushjelpa Natividad Galindo. Om å overleva militærkupp, og om å bli overflødig. Det er ei fortelling om å leita etter paradis på jord, om jakta på opphav og farsarv, på bror og søster. Det er ei reise nordover og bakover, frå gruvesamfunnet i Chile, over halve kloden, til Sagene lunsjbar, Ibsen-senteret, den norske regnkysten, det djupe innland, til botn av ei tjørn, til hjarta av Europa.
I denne essayistiske reiseboka møter Kjartan Fløgstad Kina open og forundra og observerer leikande og lærd. Han tek lesaren med på ei reise inn i eit langt på veg ukjent landskap, til byar som Shanghai, Hongkong, Chengdu og Macao; regionane Fujian og Guangdong. Han observerer alt det ukjente han møter, gater, personar, situasjonar, og er utilslørt fascinert, men ikkje ukritisk. Har kart.
I ein treroms leilighet i Det norske Hus: Løgnarar og forsmådde, karrierejegarar og fasadeklatrarar, bistandshøvdingar og fredsapostlar, nevroser og sarkasmer, lengt og liding, klatretau som brest og illusjonar som festar grepet. Harry Osen kjem uventa heim frå Afrika, der han har vore bistandsarbeidar utan rapporteringslyst. I Osens leilighet i Oslo ligg vennen Stensil i seng med kona hans, Sara Osen. Stensil er separert frå Harriet, som på si side står i med Eksellensen, han som opnar dører for dei karrierelystne. Eit spel er i gang. Evig varer lengst er ein politisk komedie om eit samfunn der politikken ikkje lenger finst, og der alle konfliktar er forviste til intimsfærens forviklingar og forvekslingar. Evig varer lengst er Kjartan Fløgstads første skodespel.
Boka består av tre artikler; "Maskinen i ånda", "Kampen om Norway city" og "Dei ytterste ting", hvor forfatteren kommenterer fenomener i norsk samtid på sin egen, personlige måte.
Samson, med etternavnet Avsenius, kommer inn i Fløgstads roman i sin nediste fiskekutter «lik eit 48 fots isfjell», og med ei kveite på et kvart tonn i vinsjen. Når han endelig kommer i land, tar han livet av en kvinne ved å gi henne en overdose sæd. Alt han gjør er stort: Han spiser så mye at han ved en feiltakelse kaster opp hjertet sitt i en rød plastbøtte. Romanens handling spenner fra 1660 til 1997 og vi beveger oss fra nordnorsk kyst til sørafrikansk urskog. Samson Avsenius får følge av en lang rekke burleske personligheter. Boken forsøker å gripe tidsskriftet rundt det nye årtusen speilet mot tidligere historiske hendelser i Europa, og arter seg som en fornyelse av barokk eller burlesk realisme, en form for moderne barokk.
Boka inneheld Fløgstad si artikkeldikting frå 1983 til 1996, med unntak av essay som er trykte i Tyrannosaurus Text frå 1988. Antipoder kan bety både "dei som bur på motsatt side av jordkloden" og "rake motsetningar" i meir allmenn forstand. Samlinga handlar blant anna om gruvearbeidarar i Sør Chile og Nord-Noreg, såvel som om eit rikt mangfald av antipoder innan kunst og politikk.
Det er 1978. Ein mann løftar jarn i kjellaren på Gunneng videregåande skule medan lærarane har fest med raudvin og ABBA i etasjen over. Ein bombekastar forsvinn frå Soma Leir, den militære etterretninga rører på seg. Det gjer også to av lærarane ved Gunneng. Saman med mannen i kjellaren køyrer dei austover i ein begravelsesbil med tung last i kista bak. I Oslo skal Begin og Sadat motta fredsprisen. Fimbul er ein roman i kliv over fortid og forfedrar, om vår tids tomrom, om grensa mellom fornuft og galskap, og om trongen til å få orden på verda.
Her er storslåtte passasjar om fotball, tango, gudshus og horehus. Her finst lovsongar til diktarbroren Cortázar, mytopolen Buenos Aires, til maten, vinen og til kvinnene. Kjartan Fløgstad har besøkt Latin-Amerika fleire gonger over tre tiår. Med sin rikdom, lærdom og sitt store overskot kan boka minne om ei anna reisebok, Donau av Claudio Magris. Sudamericana er ei revidert og utvida utgåve av Pampa Union, som kom ut første gong i 1994. Anmeldelse i Dagbladet]]>
Kjartan Fløgstad ga ut to diktsamlingar i slutten av 1960-åra. Sidan da har vi møtt poeten Fløgstad som gjendiktar og i prosaen hans. I denne boka finn vi derfor dikt av Neruda og Tony Harrison og dikt frå Cuba. Frå prosabøkene møter vi m.a. rockeren Perry Moatræs poesi. Illustrert.
Tre menneske i eit kapra helikopter på veg bort frå industristaden Lovra. Ein skokk notabilitetar ved opninga av eit nytt forretningssenter i Oslo. Usynleg, men prangande finans. Tankfart og narkotikatrafikk. Med det internasjonale finans- og mediesamfunnet som bakteppe.
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.