Gjør som tusenvis av andre bokelskere
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.Du kan når som helst melde deg av våre nyhetsbrev.
Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv? «Eit praktisk menneske» er ein roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?
Under Bergens smog bur ein ubestemt skapning, ei ung kvinne, stranda på ein midlertidig hybel. Ho finansierer husleige, alkoholforbruk og studielån med løna for arbeidet i makuleringstenesta til Fretex. Ho har ein kvernande einetale i sitt indre, men likar å bli forstyrra av vener. «Håpet og festen» er ein roman om den latterlege avstanden mellom det vesle livet ein er bunden i og dei store banda som knyter verda saman. Om å gløyme å drøyme om kven ein skulle ha blitt, og likevel bli stressa av å samanlikne seg med andre. Om å vere eller ikkje vere del av ein eigedomsmarknad, eit arbeidsliv, ein by. Om trivsel og fridom i blindsonene og om trongen til å forsvare seg.
Boka er Magna Bekk sine notat frå livet sitt. Notata består av ei rekkje episodar, anekdotar og minne. Minne om å bli fridd til i eit festlokale, om ei kort karriere som bokbussjåfør og om å møte opponentanes kritikk under ein disputas.
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.