Utvidet returrett til 31. januar 2025

Bøker av Lars Petter Sveen

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Lars Petter Sveen
    216,-

  • av Lars Petter Sveen
    183,-

    «Vi skal få alt til brenne.»I ei verd som kan minne om vår eiga, blir den vesle, uavhengige staten Nordriket trua av den overlegne krigsmakta til Føderasjonen. Angrepet på Nordriket set i gang ein geriljakrig der terror og religiøs ekstremisme raskt veks fram.Harald, sonen til den store motstandshelten i Nordriket, forvandlar seg gradvis til ein soldat alle må frykte. Søstera Ingebjørg leitar både etter ektemannen som er teken til fange av Føderasjonen, og etter ein måte å komme seg bort frå krigen på.Men når den føderale offiseren Henok blir sendt for å knuse motstandsrørsla, blir alt kasta om på.To ulike sivilisasjonar kolliderer og set familie, venskap og tillit på prøve - og i spel.«Sveen er nærmast blitt som ein nestor å rekne når det kjem til meisterlege skildringar og dramatiseringar av menneskelege relasjonar innanfor rammene av naud, desperasjon, forfall og undergang.» Øystein Hauge Romsdals Budstikke (Terningkast 5)«Nordriket er spennende og drivende helt til det siste.» Even Teistung, Vårt Land«Nordriket er en actiondrevet bok, med nikk både til J.R.R. Tolkien og George R.R. Martin. ... fascinerende er det, og særlig språket er friskt, vekslingen mellom det vakre og det groteske. Boken kan likeså godt leses som en fantasyfortelling om Taliban. Uansett hvilken gud man tror på: dette handler om religiøs fanatisme, hvordan den oppstår og hvordan den sprer seg. ... en fascinerende og litt speisa fortelling om hva langvarig krig og konflikt gjør med et folk, og med enkeltmennesker.» Ellen Sofie Lauritzen, Dagens Næringsliv«Ved på denne måten å teikne eit vrengebilde, nærast ein karikatur, av menneskets og samtidas råskap, blir Sveens versjon av bestialitetens historie kraftfull.» Margunn Vikingstad, Morgenbladet«Nordriket er skremmende virkelighetsnær. Men den er også en spennende fortelling om religiøs fanatisme, om kjærlighet og frykt.» Turid Larsen, Dagsavisen

  • av Lars Petter Sveen
    183 - 341,-

    Først handlar det om å overleve, så handlar det om å leve med det du har overlevd.Fem ungdomar har flykta frå Somalia, gjennom Afrika og over Middelhavet. No er dei komne til Europa. Dei er på veg nordover, på jakt etter ein stad dei kan starte eit nytt liv. Aisha slit med traume, ho prøver å finne ei ny historie om seg sjølv, men blir stadig minna på kven ho var før ho drog. Said kjenner ikkje lenger seg sjølv igjen, medan Khadar ikkje seier noko i det heile. Isir vel å fortelje dei historiene den nye verda vil høyre, men kva om den verkelege historia finnes i skuggane? Kven er du eigentleg når ingen veit kven du er? «Fem skuggar» er ei frittståande fortsetjing av romanen «Fem stjerner».

  • av Lars Petter Sveen
    177,-

    Tildelt Nynorsk litteraturpris 2014. Nominert til Kritikerprisen for beste voksenbok, til P2-lytternes romanpris, til Ungdommens kritikerpris og til Natt og Dags Osloprisen."Guds barn" begynner i Betlehem da Jesus ble født og følgjer tida fram til etter hans død.Romanen fortel om kjærleik og vennskap, om tru og håp. Vi møter soldatar og røvarbandar,profetar og disiplar, små barn og spedalske, som alle blir dratt mellom gode og vonde krefter.Dei mange historiene blir til ein vev, der det fantastiske og skremmande, det vesle og det store, går hand i hand.Offiseren Cato tviler på om han gjer rett når han følgjer kong Herodes' ordre. Far til Jakob fryktar at sonen er merkt av det vonde fordi han stammar. Anna leitar etter Andreas, men finn Jesu følgje.Røvaren Nadab prøver å verne om det vesle lyset han ber på. Og Peter får ikkje sove i frykt for kva som ventar dei alle.Mektige krefter kjempar om makta i "Guds barn". Lars Petter Sveen har skrive ein roman utanom det vanlege. Dette er historier ingen har lese før, frå ei verd alle kjenner til.

  • av Lars Petter Sveen
    177,-

    Då ein framand blir tatt til fange og ført til byen kor Lied bur, er det som han vaknar frå ein lang søvn. Lied bryt opp og gir seg ut på jakt etter si eiga historie.

  • av Lars Petter Sveen
    177,-

    Boka inneheld 12 noveller med handling lagt til Fræna. Vi kan blant anna lese om ein lokalpolitikar som vinner valet ved å jukse, unge menn som jagar asylsøkarar, og andre innbyggarar med mørke løyndomar. Forfattaren er debutant.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.