Utvidet returrett til 31. januar 2025

Bøker av Lars Svisdal

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Lars Svisdal
    177,-

    Sterk romandebut! Vinner av Tarjei Vesaas' debutantpris 2018.18 år gamle Gjøa dreg frå ein heim prega av skilsmisse for å jobbe ein sommarsesong på Fægrane, ei turisthytte øvst i ein fjelldal. I 29 år har Olaug og Gunnar Fægrane drive hytta, med Olaug som styrer kvar minutiøse detalj med pragmatikk og varige mein av for omfattande arbeidsmengd og for trong økonomi, og Gunnar som gjer så lite som mogleg. Sonen deira, Ingebrigt, er komen heim for sommaren frå eit halvhjarta studentliv, og har svært lite lyst til å ta hand om drifta av turisthytta. Gjøa får etter kvart eit fortruleg forhold til Ingebrigt, og det blir eit haldepunkt for henne når ho merkar konsekvensane av den utageringa som frustrasjonen over familiesituasjonen heime har drive henne til. Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar - og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.