Utvidet returrett til 31. januar 2025

Bøker av Svanhild Amdal Telnes

Filter
Filter
Sorter etterSorter Populære
  • av Svanhild Amdal Telnes
    349,-

  • av Svanhild Amdal Telnes
    341,-

    Sterke og vakre debutdikt.Nominert til Tarjei Vesaas' debutantprisAnna veks opp med ei dominerande og valdeleg mor, ein veik, men støttande far og ein bror som gjer ting brør ikkje bør gjere.Så treffer ho Jakob, og ei stund ser alt lyst ut. Dei vert kjærastar, flyttar saman, og i nokre månadar er dei «paret ein ser på gata», mysande mot sola, smilande. Men i Anna er det noko som luggar. Opplevingane melder seg som uskarpe polaroidbilete frå oppvekst på 1990-talet, bilete som trugar med å spele seg ut. Det er minne ho ikkje vil, men må oppsøke for å komme seg vidare.Om nettene brukar mor dråpeteljar er ei samling dikt om å leve med traume, om snudde omsorgsroller, om frykta for at slekt vil følgje slekters gang. Det handlar om svik og sinne, sakn og sorg. Men òg om styrke trass alt, om støtte, om å erfare at sjølv om korger brest, er det verdt å flette nye, å leite etter ei som held ei framtid.Sagt om boka:"Det som imponerer med Telnes diktdebut, gjeld det eg vil kalle dei to hovudrørslene ein finn i diktboka. På den eine sida er språket i enkeltdikta hurtig, det svingar så lett og konsist. Men dersom ein ser litt større på det og betraktar boka under eitt, ser ein at forfattaren langsamt og tolmodig byggjer opp motivkrinsen, trinn for trinn utviklar språkbileta seg. Først etter fleire dikt vert den indre språklege samanhengen openberra for lesaren. Nett dette aspektet held eg som ein særs fin kvalitet ved denne diktdebuten."Sindre Ekrheim, Dag og Tid"Den unge poet fra Seljord som skriver veldig, veldig bra (...) Jøss, dette er noe vi blir misunnelige av å lese fordi denne unge debutanten gjør at vi får lyst til å hive alt vi har skrevet: Rett i bøtta."Tom Stalsberg, Dagbladet"Telnes er dyktig til å etablere og gjenta språklige bilder på en måte som skaper indre sammenheng i boken. Grepet gjør synlig enkeltmenneskets hang til, og avhengighet av, å skape og bekrefte historien om seg selv. De billedtunge beskrivelsene av brorens overgrep og Annas forsøk på å ødelegge minnene svarer til den skadeskuttes psyke, det vonde holdes på avstand ved at språket aldri blir for eksplisitt."Katrine Heiberg, Morgenbladet"Det er umulig å ikke bli beveget av Telnes' debut. (...) Telnes er et ungt talent med en stødig dikterhånd, og jeg gleder meg allerede til å se hva mer hun vil by på i framtidige utgivelser."Vilde Øines Nybakken, Dusken.no"Noko av det sterkaste med boka er korleis Telnes knyter saman dikta til ein større samanheng. Trådar frå eitt dikt blir henta opp i eit anna, slik at dei får ei ny og djupare meining - slik fortida òg kan laga ekko i notida og få ei ny meining."Runar Bjørkvik Mæland, Framtida.no"Utsøkt poesi om tema som er alt annet enn poetisk"Fartein Horgar, Adresseavisen

  • av Svanhild Amdal Telnes
    268,-

    Dei fer bort frå sivilisasjonen dei kjenner for å danne ei ny samfunnsordning. Dei ror over fjorden, går i land på ei folketom øy og brenner båtane etter seg. Her skal det ikkje vere herskarar og undersåttar, her skal dei slette kvart einaste spor av det livet dei har levd. Barna skal gløyme kvar dei kjem frå, familiestrukturar skal løysast opp: alle vaksne skal vere tanter og onklar, alle barn systrer og brør. Dei skal leve av det naturen gjev dei, om nødvendig jage ein hjort i døden for å få mat. Men så vert ein av brørne sjuk, alvorleg sjuk. Og ei av systrene, ei tretten år gamal jente, oppdagar at hendene hennar har lækjande krefter. Evna hennar er ei gåve, men òg ein trugsel - mot ho, og mot det isolerte samfunnet ho lever i.Med stor skaparkraft og poetisk stødig hand teiknar Svanhild Amdal Telnes eit portrett av ei ung jente i uvanlege omgjevnadar. Å jage ein hjort i døden er ei samling dikt om slit og svolt, men òg om samhald og kjærleik, om å ville overskride for å overleve, og om kor skjørt og utsett livet er for dei som vel å leve isolert.Bokmeldarane meiner:"I Å jage ein hjort i døden glir jenta som forteller, og en hjortekalv hun møter i skogen, over i hverandre: «eg er både hjorten / og jenta som ligg i buskane.» Diktsamlingen er som hjorten - omskiftelig og flyktig i sin symbolikk, men i høyeste grad også substansiell."Maria Dorothea Schrattenholz, Vinduet"Sjølv om dikta skildrar overskridande krefter, er dei disiplinerte, berre sjå alle dei gjennomførte motiva som har med overgangar, overskridingar og overgangsritar å gjere: overgangen frå fastlandet til øya, frå sivilisasjon til eit arkaisk, enklare samfunn, frå fellesskapen til individ til utanforskap, frå barn til vaksen, frå menneske til dyr. Språket er undrande, roleg, og det eig ei særeigen rørsle og kraft."Sindre Ekrheim, Dag og Tid"Telnes er god på å belyse ubalansen som kan oppstå i et samfunn der ingen i prinsippet eier noen ting."Tora Ask Fossen, BLA

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.