Gjør som tusenvis av andre bokelskere
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.Du kan når som helst melde deg av våre nyhetsbrev.
Ulla Hahn blei ein gong spurd om kva som er det vakraste ordet i verda, og ikkje heilt uventa svara ho: "Liebe". Ein stor del av produksjonen hennar er kjærleiksdikt; der alle aspekt av forholdet mellom mann og kvinne blir poetisk gjennomdrøfta. Ekstasen, den altoverskyggande kjærleiken, for-elskinga. Dikt i spennet mellom det ekstatiske og det kontrollerte, mellom desperasjon og ironi.Ulla Hahn er fødd i 1946 i Sauerland. Ho har gitt ut ei rad med diktsamlingar og to romanar og motteke fleire store prisar for forfatterskapen sin, m.a. Friedrich-Hölderlin-prisen. Ho er rekna som ein av dei fremste tyske lyrikarane, og er særleg kjend for kjærleikdikta sine. Ho har utvikla ein stil som er lett gjenkjenneleg, der ho legg stor vekt på musikalske element og gjerne speler med tradisjonelle former og motiv.
Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.
Ved å abonnere godtar du vår personvernerklæring.