Norges billigste bøker
Om Dikt i samling

Dikt i samling kom første gong i 1969. Ny og utvida utgåve kom etter at forfattaren døydde i 1970. Her finn ein òg den sjette diktsamlinga hans, Liv ved straumen (1970) - samlinga Vesaas skreiv mesteparten av siste sommaren han levde, saman med einskilde upubliserte ungdomsdikt og etterlatne dikt. «Lyrikken er den finaste form for dikting. Den opphavlege og evig rette form i grunnen. Der er alt det som strøymer gjennom eit menneskesinn konsentrert i eit par små vers. Derfor er det eit gamalt ord som seier at poesien er gudanes tungemål.» Slik opna Tarjei Vesaas ei forelesingsrekkje om lyrikk på Nansenskolen i 1939. Sjølv var han 49 år da den første diktsamlinga hans, Kjeldene, kom ut i 1946. Lyrikkdebuten innvarslar Vesaas' viktigaste diktarperiode. Med Kimen (1940) dreiar forfattarskapen frå realistiske skildringar til ein meir fortetta symbolsk modernisme. Kanskje ikkje tilfeldig at det er no Vesaas også finn seg sjølv som lyrikar? Sjølv uttalte Vesaas at det var då dei rimfrie dikta byrja å kome at han for alvor fekk lyst til å prøve seg i denne sjangeren. Og etter Kjeldene losna det. No følgde fleire sterke samlingar med dikt: Leiken og lynet (1947), Lykka for ferdesmenn (1949), Løynde eldars land (1953), Ver ny, vår draum (1956) - alle med i denne boka. Jon Fosse har skrive eit etterord.

Vis mer
  • Språk:
  • Norsk
  • ISBN:
  • 9788205367111
  • Bindende:
  • Pocket
  • Sider:
  • 307
  • Utgitt:
  • 1 januar 2007
  • Utgave:
  • 1
  • Dimensjoner:
  • 116x186x26 mm.
  • Vekt:
  • 204 g.
  På lager
Leveringstid: 1-2 virkedager
Forventet levering: 2 April 2024

Beskrivelse av Dikt i samling

Dikt i samling kom første gong i 1969. Ny og utvida utgåve kom etter at forfattaren døydde i 1970. Her finn ein òg den sjette diktsamlinga hans, Liv ved straumen (1970) - samlinga Vesaas skreiv mesteparten av siste sommaren han levde, saman med einskilde upubliserte ungdomsdikt og etterlatne dikt.

«Lyrikken er den finaste form for dikting. Den opphavlege og evig rette form i grunnen. Der er alt det som strøymer gjennom eit menneskesinn konsentrert i eit par små vers. Derfor er det eit gamalt ord som seier at poesien er gudanes tungemål.»

Slik opna Tarjei Vesaas ei forelesingsrekkje om lyrikk på Nansenskolen i 1939. Sjølv var han 49 år da den første diktsamlinga hans, Kjeldene, kom ut i 1946. Lyrikkdebuten innvarslar Vesaas' viktigaste diktarperiode. Med Kimen (1940) dreiar forfattarskapen frå realistiske skildringar til ein meir fortetta symbolsk modernisme. Kanskje ikkje tilfeldig at det er no Vesaas også finn seg sjølv som lyrikar?

Sjølv uttalte Vesaas at det var då dei rimfrie dikta byrja å kome at han for alvor fekk lyst til å prøve seg i denne sjangeren. Og etter Kjeldene losna det. No følgde fleire sterke samlingar med dikt: Leiken og lynet (1947), Lykka for ferdesmenn (1949), Løynde eldars land (1953), Ver ny, vår draum (1956) - alle med i denne boka.
Jon Fosse har skrive eit etterord.

Brukervurderinger av Dikt i samling



Finn lignende bøker
Boken Dikt i samling finnes i følgende kategorier:

Gjør som tusenvis av andre bokelskere

Abonner på vårt nyhetsbrev og få rabatter og inspirasjon til din neste leseopplevelse.